Anten du kjem for å møte vener, drikke øl, høyre på levande musikk, eller bidra med eit instrument vert det garantert god stemning i Løa denne kvelden.
 

Folkemusikklaget Havbrusen med vener inviterer til opa scene, og her vert det ulike musikkinnslag med folkemusikken som raud tråd. Det vert både irske og norske tonar, med eit utval instrument frå tuba til skei. Har du lyst til å spele sjølv, så er scena open for alle, og alle kan henge seg på.
 

Baren opnar kl. 2000 og opa scene klokka 2015. Inngongsbillett er kr. 100. Vel møtt til folkemusikkpub i Løa!
 

Ta gjerne kontakt om musikalske innslag (Marie Stølen, tlf. 98224631)