Folkemusikklaget Havbrusen med vener inviterer til opa scene, og her vert det ulike musikkinnslag med folkemusikken som raud tråd. Nytt denne gongen er fleirstemte drikkeviser og allsang. Og kanskje dukker det opp innslag frå Irland og andre land? Har du lyst til å spele sjølv, er scena open for alle, og alle kan henge seg på.
 
På folkemusikkpub er det lov å prate medan musikk spelast, og ei skei eller spontant mannskor er like godt instrument som ei fele. Vel møtt til folkemusikkpub i Løa!
 
Baren opnar kl. 2000 og opa scene klokka 2015. Inngang 100,-
Stad: Jakob Sande-senter for forteljekunst, Fjaler
 
Ta gjerne kontakt om musikalske innslag (Marie Stølen, tlf. 98224631)