Folkemusikkprisen delast ut annan kvart år, og skal gå til enkeltpersonar, lag eller institusjonar som har gjort særleg mykje for folkemusikken i fylket vårt. Prisen er ei heidersutmerking og skal delast ut under Fylkeskappleiken 2018 i Sogndal, 3. mars.
Styret ønskjer framlegg til kandidatar, og både enkeltpersonar og medlemslag er velkomne til å sende inn forslag.
Vi ber om at framlegg med grunngjeving sendast til post (@) folkemusikklaget.no snarast og innan 5. februar.
Tidlegare mottakarar av Folkemusikkprisen:
2016: Svein Nesje
2014: Elin Grytting
2012: Jon Oddvar Kandal
2010: Einar Eimhjellen
2008: Harald Hesjevoll
2006: Arne M. Sølvberg
2004: Ingrid Søyland
2002: Petter Eide
2000: Sigmund Eikås
1998: Oline Løvlid
1996: Maria og Lars Ryssdal
1994: Anna og Ragnvald Lunde / Martha Seljeseth Frøland
1992: Svein Skjerdal
1990: Peder Raad / Johanna og Nils Ormberg
1988: Gudveig og Ingolf Iversen / Sjur Hesjevoll
1986: Paul Berstad