svein nesje fmpris

Kjølsdalen 12. mars

Folkemusikkprisen 2016

Svein Nesje vart under Fylkeskappleiken i Kjølsdalen tildelt Folkemusikkprisen 2016 frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Les grunngjevinga nedanfor.

Vi gratulerer!

FOLKEMUSIKKPRISEN 2016

Kandidaten i år har lang fartstid med arbeid for folkemusikken i fylket, både som utøvar og som organisator.

Kandidaten har berga så mange ein slått ved å ta vare på ukjend notestoff frå handskrivne samlingar og er også dyktig til å skrive arrangement.

Kandidaten har utført dommargjerninga både på fylkeskappleikar, vestlandskappleikar, distriktskappleikar og landskappleiken. 

Han har vore leiar i fylkeslaget, nestleiar i lokallaget og aktiv musikar i fleire lag og grupper i Nordfjord.

No har nok dei fleste skjønt kven dette er så vi ber Svein Nesje komme på scena før vi les vidare frå grunngjevinga.

Svein starta tidleg med fela og stilte i unge år opp på kappleiken som Nordfjord spelemannslag arrangert i Stryn.

I tillegg til fele og hardingfele spelar han også klarinett og var klarinettist både i Stryn musikklag og Stryn strykeorkester. Han song også i Stryn mannskor.

På 70-talet skipa han til Stryn spel- og dansarlag som blant anna arrangerte både Fylkeskappleik og Vestlandskappleik. Etter at aktiviteten i dette laget ebba ut, var han mangårig nestleiar i Spelemannslaget Fjelljom.

I hans periode som fylkesleiar stod han for skriving og redigering av medlemsbladet «Spelarstikka». Han lanserte ideen om eit felemakarverkstad på Nordfjord folkemuseum og la ned eit stort arbeid i samband med utgjevinga av notesamlinga til Rolf Myklebust.

Som solospelemann kan han blant anna vise til fyrsteplass i B-klassa på Vestlandskappleiken. Solospelet hans kan òg høyrast på CD-utgjevingane «Korri, korri» og «Song og spel i Stryn».

Han har vore aktiv med i fleire spelemannslag; Fjelljom, Hornindal og Eid.

Han har også vore ein sentral musikar i kjende folkemusikkgrupper som Firdakvartetten, Bolstadensemblet og Honndalsmusikken. Gruppene har mange både konsertoppdrag og CD-utgjevingar bak seg. Her kan nemnast at den siste CDen til Honndalmusikken vart tildelt Folkelarmprisen i klassa for tradisjonelt samspel.

I 1993 var Svein festivalsjef for Landsfestivalen i Stryn. Han var også leiar av hovudkomiteen då Hornindal arrangerte fylkeskappleik i 2006. Han har også vore ei drivkraft for folkemusikkonsertane på den veglause fjellgarden Eldegard

Sogn og Fjordane Folkemusikklag ser på Svein Nesje som ein svært verdig mottakar av prisen og takkar for godt arbeid gjennom mange år.

Vi ønskjer til lukke med Folkemusikkprisen for 2016.

| Mer++