Alt er samla på Jostedal Hotell, som også har gode mogelegheiter for eit skikkeleg måltid og ei mjuk seng, for den som måtte trenge det.
Program
Laurdag 17. februar:
10.00-17.00: Hardingfelekurs med Håkon Høgemo (fokus på dansespel)
Trekkspelkurs med Irene Tillung
Songkurs med Kari Malmanger
12.00-17.30: Dansekurs med Kirsten Friis (fokus på bygdedans og danseteknikk)
19.30: Middagsbuffet på Jostedal Hotell. Kr. 260,- pr. person. Påmelding: tlf. 99225049 innan 9. februar.
21.00-01.00: Konsert og dans. Håkon Høgemo og Irene Tillung spelar konsert. Dans etterpå. Gratis for kursdeltakarar, andre kr. 100,-
Søndag 18. februar:
10.00-13.00: Hardingfelekurs med Håkon Høgemo (fokus på dansespel)
Trekkspelkurs med Irene Tillung
Songkurs med Kari Malmanger
Kursavgift spel- og songkurs: 500,-/600,- (medlem/ikkje medlem).
Kursavgift dansekurs: 350,-/450,- (medlem/ikkje medlem).
Bindande påmelding til Solveig, tlf. 99466812 innan 28. januar.
Velkommen!