Spreke musikarar frå fylket tek instrumentet på ryggen og byr på feiande flott musikk med uvanleg flott utsikt som bakteppe.
Kl. 15.00 spelar Sigrid Moldestad konsert i Skålatårnet i Stryn, 1884 meter over havet. Les meir om Skåla og Skålatårnet her.
Kl. 16.00 spelar Håkon Høgemo og Helene M. Bolstad konsert på fjellgarden Fuglesteg i Luster, 630 meter over havet. Les meir om Fuglesteg her.
Sjølv den sprekaste fjellgeita rekk ikkje å få med seg begge konsertane, så her blir det harde prioriteringar :)