Arrangementet er i samband med besøk av reisefylgje frå Nordfjordlaget i Amerika, og ein lekk i feiringa av 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika.
Der blir opning ved fylkesordførar Jon Askeland.

Og ikkje minst: Ein konsert med Arne Sølvberg og spelemannslag og songarar i Indre Nordfjord, der dei presenterer musikk som har vandra fram og tilbake over Atlanteren.
Der blir foredrag av historikar, tidlegare høgskulelektor Rasmus Sunde om utvandringa., han har mellom anna skrive bok om utvandringa frå Stryn kommune.

I pausen blir det kanskje høve til å snakke med gjestene frå Amerika.
Alle nordfjordingar og andre interesserte er hjarteleg velkomne til arrangementet!

Billettpris kr 250,-, ved inngangen, eller førehandssal på : https://tikkio.com/events/56755