Folkelarm kan melde om rekordstor søkjarmasse til bransjetreffet for folk- og verdsmusikk. Av 170 søknader om showcase-slot, vart 18 artistar valde ut.
Årets utgåve av Folkelarm er den sjette i rekkja, og går av stabelen på Riksscenen i Oslo 29. sept.-1.okt.
- Nivået på søkerne var svært høyt, og kombinert med rekordmange søkere, ble juryarbeidet mer utfordrende enn noen gang tidligere. Men vi kom i mål til slutt, og vi har kommet frem til et kruttsterkt program, seier Trond Stenseth Moe, prosjektleder for Folkelarm.
Les meir om Folklarm her.
Under Folkelarm 2010 vart Sigrid Moldestad kåra til Årets folkemusikar, og Synnøve S. Bjørset fekk showcase-slot saman med Dei Beste Damene og Majorstuen.
Vi kryssar fingrar for at Folkelarm også i år blir eit vellukka arrangement, til trass for at det i 2011 ikkje vil vere artistar frå Sogn og Fjordane med.