Folkedansøvinga er ope for alle som vil og ein treng ingen forkunnskap. Ein kan kome saman med nokon andre, eller åleine!
Ole er ein A-klassedansar og kan få deg til å bli ein dreven folkedansarar på kort tid.
Ingrid spelar hardingfele og Ole trekkspel, så det vert livemusikk til dansen.
Du treng ikkje å reservere plass. Berre kom som du er!
Tilbodet er gratis og for alle frå 6-100 år.
Om du har nokon sko med glatte såler så er det lurt, men ikkje eit krav.
Stad: Festsalen/ Peisestova på Førdehuset
Tidspunkt: Kvar onsdag i mars kl. 18 – 19 (2.3., 9.3., 16.3., 23.3. og 30.3.)
Pris: Gratis, ingen påmelding
Kurset er eit tilbod av Sunnfjord kulturskule
www.sunnfjordkulturskule.no