Denne prøveordninga, i regi av FolkOrg, inneber at Førde skal vere arrangørstad for Landsfestival, Landskappleik og alle lokalkappleikar dette året. Dagleg leiar og Folkemusikkoordinator i Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Ingrid Heieren, er tildelt rolla som kappleiksgeneral for samtlige arrangement. ”Vi er svært glade for at vi endeleg kan starte prosjektet ”FolkBy”, og at det er Førde med koordinator Ingrid Heieren som er først ute", fortel Ingrid Stuhaug, talskvinne for FolkOrg.
 
Dei siste åra har det vore utfordringar med å finne arrangørar til kappleik og festival, og difor lanserer FolkOrg dette nye konseptet. ”Vi har stort håp om at det vil vekke arrangøriveren rundt om i landet. FolkOrg har mottatt positive tilbakemeldingar frå mange lokallag”, seier Stuhaug. Førde som knutepunktby utmerka seg, og var FolkOrg sitt klare førsteval.
 
Samarbeidet med Folkemusikklaget og Ingrid Heieren er gull verdt. Heieren takkar for tilliten og kan forsikre om at arrangementa er i dei beste hender. ”Dette vert litt av eit år. At FolkOrg satsar på slik kvalitet, viser at miljøet endeleg får ei fortent ansiktsløfting. Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet, og oppgåvene står i kø – her blir det kappleik så og seie annakvar helg. Det blir nok å henge fingrane i”, smiler den daglege leiaren. Velkomen til FolkBy 2017!