På få år har Erlend Apneseth etablert seg som ein av våre leiande og mest nytenkjande felespelarar. I årets tingingsverk har han med seg Erik Rydvall, Ole Morten Vågan, Hans Hulbækmo og Stein Urheim. Utgangspunktet er lokale slåttar og spelemenn: Ville polkaen Smøygen høyrt annleis ut om Anders Viken hadde møtt Django Reinhardt? Og - ville jølstraspelet lete annleis om Førdefestivalen, med alle sine impulsar, hadde eksistert for hundre år sidan? Dette med meir får du høyre i Festsalen på Førdehuset, laurdag 9. juli, kl. 13:30-14:30.
Hardingfele møter trekkspel når Håkon Høgemo og Tom Karlsrud spelar saman og auser frå eit rikhaldig repertoar av folkemusikk; mest frå Sogn. Dei slepper sitt debutalbum i Haarklousalen, Førde Kulturskule, laurdag 9. juli kl. 15:00-16:00.
Møteplass Jølster. I samarbeid med Jølster mottak og Jølstraholmen inviterer festivalen til konsert med Faytinga, fridomskjemparen frå Eritrea som vart musikar. Ho syng på morsmålet, kumana, og har røter i lokale musikktradisjonar. Her møter ho musikarar frå Jølster, Sigmund Eikås og dansaren Ingrid Søyland, og det blir både eritreisk kaffiseremoni, grilling og dans. Fredag 8. juli, Løa på Jølstraholmen, Vassenden, 16:30-18:00.
Det handlar om menneskeleg fellesskap og grenselaus songglede når innvandrarkvinner i Sunnfjord og songar Kari Malmanger let voggesongar frå Eritrea, Iran, Sri Lanka, Afghanistan og Syria møte bånsullar frå Hardanger og Sogn. For same kvar vi kjem frå i verda, har vi det til felles at vi syng for borna våre. Prosjektet er i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Jorunn Bakke Nydal. Søndag 15. juli, Teatersalen, Førdehuset 11:30-12:30
Festivalen byr også på dansespel frå ypparste klasse. Laurdagskveld får du høyre Gamlebanken Spelemannslag spele opp i Festsalen i Førdehuset, under Dansen går i Førdeuset. Torsdagskveld byr Indre Sunnfjord Spelemannslag opp til dans i tunet på Jølstramuseet, under Sommarnatt i Jølster, og fredagskveld i Festsalen i Førdehuset. Og, om du skulle ønskje å få lære eit par dansar held Ingrid Heieren og Elling Sølvberg gratis lynkurs i runddansar torsdag 18:00-19:00 på Førdehuset.
Under Sommarnatt i Jølster får du også høyre Talent 2016 - eit ungt talentprosjekt under leiing av vår eigen folkesongar Unni Løvlid. Talent 2016 har også sin eigen konsert laurdag 18:30-19:30 i Teatersalen i Førdehuset.
Og dette er berre dei artistane som er frå fylket. Sjå heile programmet på www.fordefestival.no
Tekst er henta frå Førdefestivalen sitt program.