Program:

Fredag 30. september:

Kl 2000 på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter: Opningskonsert med plateslepp. Slåttar av og etter Per Mathiassen Bolstad (1833 – 1910). Spelemannslaget Fjelljom, Åsmund Arnesen Farstad, Håvard Svendsrud og Arne M. Sølvberg.

 

Laurdag 1. oktober:

Kl 1000 – 1230 på Fjelli: Inspirasjonskurs i trekkspel, fele, hardingfele, runddans og kontrabass.

Kl 1230 - 1330: Lunsj i Fjellvarden ungdomshus.

Kl 1330 i Fjellvarden: Anders Viken i ord og tonar v/Øyvind Lyslo og Arne M. Sølvberg

Kl 1500 – 1745: Inspirasjonskurs i munnharpe, song, fele, hardingfele og halling.

Kl 1800 - 2000: Middag i Fjellvarden ungdomshus.

Kl 2000: Konsert i Fjellvarden v/kurslærarane Emil Horstad, Håvard Svendsrud, Anders Aasberg, Ingunn Linge Valldal, Nikolai Storevik, Åsmund Arnesen Farstad, Olav Wangensteen, Svein Haugen, Dag Vanberg, Asbjørg & Arne M. Sølvberg. Utdeling av Bolstadprisen. Dans for alle til musikk av Spelemannslaget Fjelljom, Valldal spelemannslag med fleire.

 

Søndag 2. oktober:

Kl 1500: Konsert og plateslepp i UL Ivar Aasen sitt lagshus i Ålesund. Slåttar av og etter Per Mathiassen Bolstad v/Spelemannslaget Fjelljom, Åsmund Arnesen Farstad, Håvard Svendsrud og Arne M. Sølvberg.

 

Kurstilbod på Fjelljomfestivalen 1. oktober 2022

Fjelljomfestivalen har i år satsa på korte inspirasjonskurs laurdag 1. oktober på Fjelli. Vi samarbeider med Sogn og Fjordane Folkemusikklag sitt rekrutteringstiltak TØFT som er eit glimrande gratistilbod til dei opp til 19 år. Men alle kursa er opne for alle, og avgifta er berre kr 100,- for vaksne. (Medlemer i Fjelljom gratis.)

Kl 1000 – 1230:

Trekkspel, nybyrjarar. Lærar Emil Horstad.

Trekkspel, litt meir øvde. Lærar Håvard Svendsrud

Fele, nybyrjarar. Lærar Nikolai Storevik

Fele, litt meir øvde. Lærar Ingunn Linge Valdal

Hardingfele. Lærar Åsmund Arnesen Farstad

Runddans. Lærarar Asbjørg og Arne M. Sølvberg

Kontrabass. Lærar Svein Haugen

 

Kl 1500 – 1745:

Munnharpa som kompinstrument. Lærar Olav Wangensteen

Halling. Lærar Anders Aasberg

Folkesong. Lærar Dag Vanberg

 

Omtale av lærarane finn de på Fjelljomfestivalen si Facebook-side.

 

Meininga er at det skal vere råd å delta på to aktivitetar. Til dømes kan ein kombinere felekurs/halling eller runddans/song. For dei som ikkje finn nokon kombinasjon som høver, kan vi vurdere tilbod for fele (nybyrjarar), hardingfele og trekkspel også i økta etter lunsj, for vi ser gjerne at alle kursdeltakarane set av heile dagen og blir med på festen i Fjellvarden om kvelden kl 2000.

 

Overnatting med frukost kan ordnast frå fredag kveld til søndag morgon på Nordfjord Fritidssenter, der og fleire av kursa held til. Dei som er i TØFT-alder får gratis overnatting og servering.

 

I Fjellvarden vert servert lunsj kl 1230 og middag kl 1800. 

 

Fjelljomfestivalen har Facebook-side der det vert lagt ut meir detaljar.

Festivalkontakt Arne M. Sølvberg, tlf 48151317, epost: arnsoelv@online.no.

Kursa er i samarbeid med Sogn og Fjordane folkemusikklag sitt rekrutteringsprosjekt TØFT. Anna økonomisk støtte frå Frifond, Stryn kommune og KOMP.