KONSERTAR I FJELLVARDEN:

Fredag 1.10. kl. 20:00:

Trekkspelkveld med Håvard Svendsrud som tek føre seg trekkspelet si historie og spelar på instrument av ulik alder.

Billett kr 200,- (TØFT-deltakarar og alle opp t.o.m. 10. klasse gratis). Vipps eller kontant.

 

Laurdag 2.10. kl. 13:00:

Temakonsert om Fel-Jakup (1821 – 1876) v/Spelemannslaget Fjelljom, Kari Grøsland, Britt Pernille Frøholm, Arne M. Sølvberg og Ola Grøsland (forteljar).

Fri inngang.

 

Laurdag 2.10. kl. 20:00:

Festkveld. Kari Grøsland (fele), Malin Alander (song), Einar Eimhjellen (munnspel), Håvard Svendsrud (trekkspel), Kristina Farstad Bjørdal (trekkspel), Asbjørg og Arne (dans). Spelemannslaget Fjelljom. Utdeling av Bolstadprisen.

Billett kr 200,- (TØFT-deltakarar og alle opp t.o.m. 10. klasse gratis). Vipps eller kontant.

 

KURS:

Fele/hardingfele for unge utøvarar v/ Kari Grøsland. Laurdag kl. 10:00 – 17:45 med lunsj (kl. 12:00) og temakonserten (kl. 13:00) innlagt i kurset. Nordfjord fritidssenter.

Hardingfele for vidarekomne, Kjellstadslåttar v/ Britt Pernille Frøholm. Laurdag kl 10:00 – 17:45 med lunsj (kl 12:00) og temakonserten (kl 13:00) innlagt i kurset. Nordfjord fritidssenter.

Trekkspel v/Håvard Svendsrud og Kristina Farstad Bjørdal. Laurdag kl. 10:00 – 17:45 med lunsj (kl 12:00) og temakonserten (kl 13:00) innlagt i kurset. Fjellvarden.

Song v/ Malin Alander. Laurdag kl. 15:00 – 17:45. Coop-loftet.

Munnspel for nybyrjarar v/ Einar Eimhjellen. Munnspel vert å få kjøpt. Laurdag kl. 15:00 – 17:45. Fjellvarden.

Alle kursa er gratis, men dei vaksne deltakarane må betale billett på trekkspelkvelden og festkvelden laurdag og betale for middag og anna mat som vert servert i Fjellvarden. Alle under 20 år får gratis overnatting og mat. Overnatting på Nordfjord fritidssenter. Ta med lakenpose. Dei over 20 år kan få rimeleg overnatting på same stad. Frukost og ev. kveldsmat vert servert der, men lunsj og middag er i Fjellvarden.

Påmelding for kurs og overnatting til Arne M. Sølvberg, tlf 48151317 eller epost arnsoelv@frisurf.no helst innan 22. september.

Fjelljomfestivalen har økonomisk stønad frå Stryn kommune, Norsk musikkråd, Frifond og Sogn og Fjordane folkemusikklag sitt rekrutteringsprosjekt TØFT.