austrheim

Fjelli i Stryn, 27.-29. oktober

Fjelljomfestivalen 2017

Ta turen til Fjelli og få glede og inspirasjon gjennom folkemusikk og dans i eit vakkert natur- og kulturlandskap.

Spelemannslaget Fjelljom byr inn til den fjerde Fjelljomfestivalen fredag 27. – søndag 29. oktober. I år vert det mellom anna hardingfelekurs med Jan Beitohaugen Granli og felekurs med Britt Pernille Frøholm.
 
I tillegg til kurs har festivalen fleire konsertar på programmet, og gjestelaget til laurdagsdansen i Fjellvarden er Austrheim musikklag som feirar sine 100 år. Nytt av året er samarbeid med Sogn og Fjordane folkemusikklag sitt nye rekrutteringsprosjekt TØFT.
 
Kurs:
Fele/hardingfele frå fredag kl 1830 til søndag kl 1300 på Nordfjord fritidssenter, der det og er overnatting. Undervisning på fleire nivå, berekna på ungdom ca 12 – 19 år. Lærarar: Britt Pernille Frøholm, Ingrid Heieren og Antonia Karete Haugen Kongsvik.
Dans laurdag frå kl 1000 og søndag kl 1000 – 1300 i Fjellvarden. Ungdom ca 12 – 19 år vert prioritert. Lærar: Anna Gjendem.
Song laurdag kl 1500 – 1800 på Coop Fjelli. Lærar: Oline Løvlid.
Munnharpe laurdag kl 1500 – 1800 på Coop Fjelli. Munnharper vert utlånt. Lærar: Jan Beitohaugen Granli.
Hardingfele søndag kl 1000 – 1300. Lærar Jan Beitohaugen Granli.
 
Kursavgift: Alle kursa er gratis for ungdom (ca 12 – 19 år) og for medlemer i Fjelljom. Andre betalar kr 150,-. Betaling ved frammøte.
 
Ved evt spørsmål ta kontakt med festivalleiar Arne M. Sølvberg på tlf 481 51 317 eller dagleg leiar i folkemusikklaget Ingrid Heieren på tlf 958 26 237
 
Påmelding helst innan 20. okt. til Arne M. Sølvberg, tlf 481 51 317 eller epost
 
Mat:
Middag og heimelaga kaffimat vert servert i Fjellvarden laurdag ettermiddag og kveld. Brødmåltid for deltakarane på ungdomskursa vert ordna på fritidssenteret og i Fjellvarden.
 
Overnatting på Nordfjord fritidssenter kan tingast på tlf 905 06 157 for festivaldeltakarar som ikkje går på ungdomskursa.
 
Konsertrar:
Villmarkskonserten fredag kl. 21.00. Festivalopning, fele, hardingfele, munnharpe, song, fløyte, munnspel og dans ved bålet i villmarksleiren ved Nordfjord fritidssenter. Billettpris kr 100,- (t.o.m. 10. klasse gratis).
Temakonserten laurdag kl. 12.30 i grindabygget ved Demmene, Ulvedal. Spelemannslaget Fjelljom spelar slåttar etter Einar Espe. Gratis.
Fjellvardenkonserten m/dans laurdag kl. 20.00. Britt Pernille Frøholm, Oline Løvlid, Jan Beitohaugen Granli, kurselevar m fl., Austrheim musikklag og Fjelljom spelar til dans. Billettpris kr 200,- (t. o. m. 10. klasse gratis).
 
Sjå også Fjelljomfestivalen på Facebook for oppdatert informasjon og utfyllande opplysningar.
 
Fjelljomfestivalen 2017 har økonomisk stønad frå Stryn kommune, Frifond, KOMP v/Norsk musikkråd og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
| Mer++