Også i år starta Smørbukk-kappleiken med ei fellesøkt med dans for alle deltakarane leia av Mari Andrea Ness. Deretter var det klart for kappleik der deltakarane song, dansa og spelte for kvarandre og det frammøtte publikumet. Det var stort spenn i innslaga. Her vart det presentert både store songgrupper, solosong, fint samspel og spenstig dans.

Smørbukk-juryen kåra Fjelli UL til Årets Smørbukk 2014. I tillegg til Årets Smørbukkk fekk songarane i "Krudlalaget" til ekstrapremie for stort repertoar og rekruttane frå Gaular spelemannslag fekk premie for å fint "kostyme" med solbriller.Sjølvsagt vanka det rikeleg med karameller til alle som deltok.

Nedanfor er ein kort fotoserie med nokre av deltakarane på Smørbukk-kappleiken.

Foto frå Smørbukk-kappleiken 2014