May Brit Støve i Peer Gynt AS seie følgjande om prisvinnaren: "Erlend Apneseth er av dei beste folkemusikarane i landet i dag. Dei siste åra har han etablert seg med eit meir moderne uttrykk der han søker seg mot improvisert musikk og samtidsmusikk, stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken"
Øivind Berghs minnepris vert delt ut i samband med høgfjellskonserten ”Ved Rondane” den 8.august. I år er det Kringkastingsorkesteret, solistar, alvekor og skodespelar Ketil Høegh som framfører ein scenisk versjon av ”En Midtsommernattsdrøm” av Shakespear og Mendelssohn. Prisen blir delt ut av Rolf Lennart Stensø. Han er orkesterleiar av det same orkesteret som var under Øivind Bergh si leiing i 30 år.
Øyvind Berghs minnepris har vore delt ut kvar år sidan 1989. Årets jury bestod av Trude Bergh (frå familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt as).
Vi gratulerer med prisen!