Dei to konsertane med Erlend Apneseth og Nils Økland vert eit møte mellom tradisjon og nyskaping. Her blir det litt av begge deler, og det kjem til å bli presentert tonar du truleg aldri har høyrt før. 

Økland er ein meister både på  fele og Viola d'Amore, og har eit stort internasjonalt publikum. I tillegg er han den store inspirasjonskjelda og læremeisteren for nykomaren frå Jølster, Erlend Apneseth. Apneseth har også markert seg som ein nyfiken og nyskapande felespelar, som likar å gje tradisjonsmusikken nokre nye nyansar. Han gav blant anna ut si første soloplate i 2013, var månadens artist på Riksscenen og mottok fleire prisar

Konserten i Balestrand er på Ciderhuset, laurdag 1. februar kl. 19.00. Her er du velkomen til å nyte suppe og heimelaga brød frå kl. 18.00.

Konserten i Jølster er på Eikaasgalleriet, søndag 2. februar. Konsertstart kl. 20. Kafeen har kake og kaffi på menyen frå kl. 19.

For meir informasjon sjå heimesida til Førdefestivalen her.