Semifinalistane til årets INTRO-folk er valt ut, og følgjande artistar skal spele på tre ulike semifinalar i løpet av sommaren 2015:

Semifinale 1: Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 1.-5. juli
Odde & Holmen (duo)
Hans P. Kjorstad/Rasmus Kjorstad (duo)

Semifinale 2: Kalottspel 4.-9 august
Erlend Apneseth (solo)
Thomas & Guro (duo)

Semifinale 3: Nordsjøfestivalen 27.-30.august
Duo Jansen/Jüssi (duo)
Kirsti B. Kristiansen (solo)

 

Om INTRO-folk

«INTRO-folk — årets unge folkemusikar» er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. INTRO-folk er ein musikkonkurranse. I tillegg er det ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få røynsle i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå, og der eit breitt publikum kan lære å kjenne dei som musikkutøvarar. Vidare er det eit mål å syne fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og medverke til å fremje karrieren deira. Prosjektet nyttar musikkonkurranse som verkemiddel for å få merksemd. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å peike ut ein vinnar, men samarbeidspartane er innforstått med at eit slikt verkemiddel speglar den røynda musikarane står overfor i den vidare karrierebygginga si — ein kamp om merksemd frå media, arrangørar og publikum.

Juryen som skal plukke ut artistane er Vegar Vårdal (juryleiar), Camilla Granlien og Andreas Ljones. Det er berre juryleiaren som held fram i juryen gjennom heile konkurransen. Dei to andre jurymedlemmane skal peikast ut av dei lokale festivalane.

 

Tidlegare vinnarar av INTRO-folk er:

2012: Erlend Viken
2009: Kim André Rysstad
2007: Benedicte Maurseth
2005: Majorstuen

Les meir på FolkOrg sine heimesider her