Ei arbeidsgruppe sett saman av representantar frå Sogn og Fjordane Musikkråd, Sogn og Fjordane kulturskuleråd, Førdefestivalen, kulturavdelinga og fylkesmusikarane, fekk i oppgåve å greie ut ulike modellar for fylkeskommunen si vidare satsing på folkemusikken:

«Arbeidsgruppa tilrår Sogn og Fjordane fylkeskommune å inngå drøftingar med interesserte kommunar med eit mål om å opprette nye distriktsmusikarstillingar innan folkemusikk.

Arbeidsgruppa tilrår at det vert sett av midlar til ei produsentstilling og at det vert avsett produksjonsmidlar. Produsentstillinga skal vere ein ressurs for dei vertskommunane som ynskjer å opprette slike distriktsmusikarstillingar innan folkemusikk.

Stillingane kan delast inn i mindre delar. Føresetnaden er at utøvardelane med tilskot frå fylkeskommunen vert kombinert med ein minst like stor undervisningdel. Vertskommunen må sjølv finansiere undervisningsdelen.

Arbeidsgruppa meiner at det er mogleg å etablere 5 stillingsheimlar som distriktsmusikarar med innan folkemusikk innan den økonomiske ramma som ligg i mandatet.»

Hovudutval for kultur vedtok 25.09.12 at fylkesmusikarordninga skal endrast i tråd med innstillinga i utgreiinga «Sogn og Fjordane fylkeskommune si vidare satsing på folkemusikk».

Det skal innan juni 2013 lagast ein framdriftsplan for iverksetting av endringa. Framdriftsplanen skal handsamast av hovudutval for kultur.

Les heile saka her.