Godt nyttår!
Så er vi ved eit skifte. Det året som er brukt, skal bytast med eit nytt, men erfaringane frå det gamle må sjølvsagt være med i planlegginga av komande dagar. Endringar vert det uansett, om enn i ulik takt frå år til år. I vårt miljø ønskjer vi å ta vare på gode tradisjonar. Det er ei oppgåve i sterk konkurranse med mange tilbod, som flyt over av reklamer frå mange aktivitetar.
Eit samandrag frå møtet i etterkant av Vestlandskappleiken sist haust, fortel at deltakartalet tynnest i nokre av klassane, og at dette må gjerast noko med. Gammaldansen har vore ein god arena for rekruttering til både musikken og dansen. Ser ein bort frå enkelte lag, har kanskje flyten inn til kappleikane stranda litt. For å yte eit lite bidrag i rett lei, kom det fram ein tanke om å utvide den årlege tilskipinga vi har hatt på Ålhus. Eit samarbeid med folkemusikklaget og hotellet på Skei er etablert, ved å lage ein open arena der dansen står i høgsetet både med og utan rettleing. Som tenkt så gjort.