Bjørset er ein av dagens fremste utøvarar på hardingfele, og nybakt vinnar av Folkelarmprisen 2011. Ho har gjeve ut fleire plater med tradisjonelle slåttar frå Sogn.
Mellom hennar viktigaste læremeistrar finn vi årdølen Håkon Høgemo. I tillegg har Bjørset gjennom ei årrekkje vore ein flittig brukar av arkivkjelder, og opptak og notenedskrifter etter spelemennene Sigurd Eldegard og Per Sandnes har vore viktige inspirasjonskjelder for henne.
I konsertføredraget vil ho presentere musikk etter og fortelje om spelemennene Eldegard og Sandnes, om Lærdalsmarknaden som musikalsk smeltedigel, og om dei nære musikalske banda mellom Sogn og Valdres.