Myhr og Apneseth kom til Leveld Kunstnartun no i januar, og skal vere her til slutten av mars. I denne perioden skal dei blant anna arbeide fram materiale til ein felles konsert.
- "Me er glade for at stipendet i år går til folkemusikkduoen og Apneseth og ønskjer dei lykke til med opphaldet i Leveld og den planlagde avslutningskonserten mot slutten av opphaldet",seier Torill Berdal, HR og kommunikasjonsdirektør i E-CO Energi.
Leveld Kunstnartun er fornøgd med å ha Myhr og Apneseth på tre månaders arbeidsopphald. Prosjektleiar Michael Teisen set også stor pris på engasjementet og stipendsamarbeidet med E-CO Energi.
Erlend Apneseth i 2013:
Debuterte med soloplata «Blikkspor» som vart sleppt i oktober 2013. Same månad var han månadens artist på Riksscenen. Han har også vore solist med Bergen Filharmoniske orkester i oppsetjinga «Peer Gynt - ei konsertforestilling», og spelt konsertar i Polen og Japan med strupesangar og joikar Torgeir Vassvik. Erlend debuterte i A-klassa på Landskappleiken med å spele seg til finalen og mottok Fureprisen på 50.000 kroner som er ein talentpris for musikarar under 25 år.
Margit Myhr i 2013:
Starta i februar på «Kurs i berättande teater» ved Västanå Teater, og deltok i sommaroppsetjinga «Nils Holgersson» som gjekk for 53 fulle hus i Sunne i Sverige. Ho har hatt fleire konsertar med gruppa Firil, som sist vår gav ut plata «Smile som sumarsole». Med i Västanå Teater si forestillinga «Farmors historier» som i haust turnerte rundt i Sverige. Reiste til Isle of Man saman med Erlend Apneseth og gjorde konsert og workshops i lag med tre lokale musikarar frå øya. Var med på konsertprosjektet «Dei nye tradisjonsberarane» på Riksscenen og Osafestivalen med Ale Möller som mentor.
E-CO Energi er oppteken av å støtte kulturlivet i Hallingdal, og Torill Berdal er imponert over dugnadsånda bak etableringa av Leveld Kunstnartun. Derfor ønskjer E-CO Energi å støtte dette initiativet ved å dele ut eit årleg stipend til unge og lovande kunstnarar uavhengig av sjanger.
E-CO STIPEND TIL ERLEND APNESETH OG MARGIT MYHR
Stipend:
Folkemusikkduoen Margit Myhr (23) og Erlend Apneseth (23) er dei fyrste som får Leveld Kunstnartun sitt E-CO-stipend.
Stipendet går til unge, talentfulle kunstnarar på arbeidsopphald i Leveld Kunstnartun. Myhr og Apneseth får begge eit stipend på 8000kr.