Fem unge folkedansarar frå Nordfjord fekk laurdag 5. juni tildelt Drømmestipendet. Det er Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd som står bak Drømmestipendet, og dei har dei siste 7 åra delt ut 100 stipend på 10 000,- til unge talent i heile landet. Les meir om Drømmestipendet her.
Sigrid Sølvberg Støyva, Berit Aarøen, Katrine Aarøen, Sigbjørn Hagen og Ørjan Fjellkårstad har lært å danse av Asbjørg og Arne M. Sølvberg i Fjelli ungdomslag, og representerer elles Spelemannslaget Fjelljom på kappleik.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag gratulerer med stipendet og ønskjer lukke til på årets Landskappleik!