Dei Beste Damene deler entusiasmen for fridomen, fargane og formene i den solistiske hardingfelemusikken, og når dei tre solistane møtest er ønskjet deira å formidle mangfaldet av uttrykk som finst i dette repertoaret.
Som representanter for tradisjonell hardingfelemusikk frå Hardanger, Telemark og Sogn, forvaltar dei eit relativt ulikt repertoar med tanke på form og stil, og skilnadene blir ytterlegare forsterka av dei sterke personlege uttrykka til dei tre. På konsertscena spelar dei i all hovedsak solo, men i nøye utvalde samspelnummer blir det feit, frekk og drivande felelyd frå damer med unisone bogedrag.
Teigland, Hytta og Bjørset er alle meritterte utøvarar med lang og brei erfaring som musikarar i ulike konstellasjonar. Som solistar har dei alle tre gitt ut kritikarroste soloplater, og måndag 18. oktober er merka inn med gullskrift i damenes kalendrar – for då er det plateslepp for den flunkande nye CD-en deira Soli – utgjeven på det fabelaktige selskapet ta:lik