Dansepedagog Ami og spelemann Ellika er røynde kurshaldarar, og på dette kurset blir det fokus på kroppshaldning, samdans og musikk. Det er med andre ord ikkje eit tradisjonelt dansekurs med vekt på å lære nye dansar.
For at kurshaldarane skal kunne gje god individuell opplæring, er det sett eit tak på tal deltakarar, og det er første mann til mølla-prinsippet som gjeld.
Kurset kostar berre kr. 450,- pr. deltakar.
Bindande påmelding til Jostedal Spel- og Dansarlag v/Oddbjørg Ese innan 25. februar. Du kan melde deg på ved å sende sms til 414 60 468, eller e-post til oddbjese@online.no
Les meir om kurset her.