Denne kvelden skal dansemannen frå Borgund få sjå dagens lys og danse att, etter å ha vore gøymd i magasina på museet sidan 1905. Dansedokker vart nytta av langeleikspelarar som ville skape litt ekstra underhaldning når dei spelte; Dei knytte ein tråd mellom handa si og dokka, slik at dokka dansa i takt med musikken.
Dansemannen som har vore lagra på Sogn Folkemuseum høyrer saman med ein langeleik frå Borgund. Kværne vart merksam på dansemannen frå Borgund då ho arbeidde med å kartleggje dansedokker i Norge. Og dansemannen er i sjeldant selskap - det fins i dag berre ei dansedokke og ein dansehest i heile landet!
Til Sogn Folkemuseum kjem også ein sprell levande dansemann. Stian Roland er ein av landet sine fremste springardansarar, og i tillegg også ein habil folkesongar. Han vil fortelje om tradisjonsbanda mellom Sogn og Valdres.
Før valdrisane slepp laus, blir det servert Bacalao og sherrypudding v/Luster vgs.
Gratis inngang!