Kurset vil fokusere på generelle spørsmål knytt til både bygdedans og runddans. Dette er mellom anna samspelet mellom musikk og dans, spørsmål kring samdans og korleis ein lyttar til kvarandre, ulike snuteknikkar, balanse, flyt og driv i dansen, samt personleg uttrykk.
Kurset er praktisk retta med testing av ulike spørsmål og problemstillingar direkte på dansegolvet, og med innslag av faglege refleksjonar og diskusjonar. Du kan melde deg på åleine eller saman med ein partnar.
Ami Petersson Dregelid har lang erfaring som folkedanspedagog. Ho har undervist ved Malungs folkhögskola i Sverige, og har hatt tallause kurs, både i dans og spel til dans. Ho underviser no både ved Danshögskolan og Musikhögskolan i Stockholm, ved Erik Sahlström Institutet i Tobo og på studiet Norsk Folkeleg dans, m.m. Ellika Frisell trakterer ”fiolen” svært bra og har spelt i mange ulike folkemusikkgrupper,
som t.d. Filarfolket og saman med Solo Cissokho. Ho er glad i å spele til dans, noko som merkast tydeleg. Ho underviser m.a. ved Musikhögskolan i Stockholm. Ami og Ellika har hatt mange kurs saman, både i dans og i spel til dans.
Kursavgift:
inkl. kost og losji kr. 3 500 pr. pers.
eksl. kost og losji kr. 2 500 pr. pers.
Påmelding innan 15. juni til:
Sogn og Fjordane Folkemusikklag
Mob.: 992 63 887, dagrun (@) folkemusikklaget.no