Dei tre beste plasseringane i spel solo hardingfele/fele står mellom Britt Pernille Frøholm, Bjørn Kåre Odde frå Lom spelmannslag og Alexander Aga Røynstrand frå Hardanger spelemannslag. Jørgen Nyrønning frå Ålen spell- og danselag var også med i finalefeltet og vart nummer fire.
Sogn og Fjordane hadde også ein representant i finalen i durspel senior. Arve Bjørn Røneid frå Jostedal spel- og dansarlag spelte seg heilt til finalen og kom på ein fjerdeplass i klassa. Dei tre øvrige finalistane i klassa var: Ole Gjerde frå Hardanger Spelemannslag,Ingvild Seilen frå Osterøybelgen/FolkOrg og Kristoffer Kleiveland frå Osterøy Spel- og dansarlag.
Førebelse resultatlister frå klassane: Andre instrument junior, andre instrument senior,durspell junior, durspell senior, fele/hardingfele junior og fele/hardingfele senior er lagt ut her.