«Våre slåtter - et læreverk for hardingfele» har vore Johanne Løkensgard Mjøs og Maria Toppe sitt koronaprosjekt. Boka inneheld noter, arrangement, QR-kodar til videoer og lydopptak av 39 slåtter tilrettelagt for opplæring, samt tekster om spelemenn. Slåttane er òg å finne på ulike strømmetjenester. På vestlandskappleien i helgen ble den sluppet med god hjelp fra elever fra Bergen, Voss, Osterøy, Jostedalen og Sogndal.
 
Ønsker du å bestille en bok kan det gjøres her i kommentarfeltet, på melding eller ved å sende epost til mariatoppe@gmail.com (pris 350kr + ev. Frakt)
 
Etter boksleppet og stor-juniorspelemannslaget var det duka for Sjokoladekappleik (som er nemninga som vert nytta på Vestlandskappleiken). Her var det totalt 32 deltakarar fordelt på 23 startnummer. Sjokoladekappleiken vart leia av konfransierane Kristoffer Kleiveland og Marin Stallemo Bakke. Dommarane var Kirsten Johanne Friis, Nikolai Storevik og Else Marie Haugen. Etter framføringane, var det dans og leik og moro, før alle deltakarane fekk ein diplom og ein stor Stratos-sjokoladeplate kvar.