Kjenner du nokon som er interessert i folkemusikk og dans, og som vil støtte arbeidet med å ta vare på folkemusikken og –dansen på både lokalt, regionalt og nasjonalt plan?

Vi har for tida ein vervekampanje der lag eller enkeltpersonar som vervar 10 nye medlemmer innan 1. mars er med i trekninga av ein flott vervepremie:

Norsk Folkemusikk, ein serie med 19 cdar og 1 dvd med opptak frå NRK sitt rikhaldige folkemusikkarkiv. Les meir om denne flotte utgjevinga her.

Innmeldingsskjema finn du nederst på sida.

 

 

 

 

Vi har alt fått nokre nye medlemmer, men ønskjer endå fleire!

 

 

Alle som melder seg inn i eit lokallag blir automatisk medlem i Sogn og Fjordane Folkemusikklag og FolkOrg.

Born og unge: lokallagskontingent + kr. 30 (Folkemusikklaget) + kr.100 (FolkOrg)

Vaksne (over 18 år): lokallagskontingent + kr. 80 (Folkemusikklaget) + kr. 220 (FolkOrg)

(Lokallagskontingenten varierer frå lag til lag)

Det er også mogleg å melde seg inn som enkeltmedlem i Folkemusikklaget utan å vere medlem i eit lokallag.

 

Medlemsfordeler i FolkOrg kan du lese om her.