Dei siste vekene har smittetala over heile landet auka og det oppstår
stadig nye smitteutbrot, også i Sogn og Fjordane. Det er ein lei og
vanskeleg situasjon, og aller helst skulle vi ynskje at korona kunne gi
seg. Men slik er det ikkje.


Styret i Sogn og Fjordane Folkemusikklag ser seg difor nøydd til å
utsetje den planlagde dansefesten på Skei 18. september i år av omsyn
til smittevern. Det ligg i dansens natur at det vil vere vanskeleg å
halde avstand, og det vil vere nær uforsvarleg å skulle arrangere eit så
stort arrangement.


Vi tek likevel sikte på å arrangere ein ny dansefest innan nyttår, og
kjem attende med meir informasjon når vi veit meir om korleis smittetala
og restriksjonane utviklar seg gjennom dei neste vekene og månadane.