Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.
Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.
Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2016, og er på kr.10.000,-.
Kappleiken finn stad i Bergen, 30.9. - 2.10.2016.
FRIST for innsending av forslag er 12.9.2016.
Forslag skal sendast til:
Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no
Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2016”.
For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/