Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntre til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vere frå Vestlandet. Det skal vere eit personleg stipend.
Minneprisen er på kr. 10 000, og skal delast ut i samband med Vestlandskappleieken på Osterøy, 5.-7. oktober 2012.
Frist for innsending av forslag på kandidatar er 15. september 2012.
Forslag skal sendast til: Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.noMerk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2012”.
For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/
Tidlegare mottakarar av Audhile Flaktveit Moxnes Minnepris:
2011: Mathilde Skjæret
2010: Ingeborg Hollekim Bringslid
2009: Maria Skjeldrum Toppe
2008: Erlend Apneseth
2007: Alexander Røynstrand