Det er med sorg me har motteke bodskapen om at Arne Viken gjekk bort søndag 7. oktober 2012.

Arne Viken var fødd i Jølster 23. april 1925, og var son til den kjende komponisten og spelemannen Anders Viken og diktar Rakel Viken. Arne var tredjegenerasjons spelemann, og førde vidare tradisjonen etter faren og bestefaren. 

Arne tok musikkutdanning på Musikkonservatoriet og oppheldt seg ei tid i Oslo som profesjonell musikar. I 1952 flytta han til Mo i Rana og budde der saman med familien sin. I Mo starta han musikkforretning, der han mellom anna selde strykeinstrument. Han var også svært aktiv i musikklivet på Helgeland. I 1979 fekk hann Rana kommune sin kulturpris, og han underviste i musikk eit godt stykkje ut på 2000-talet.

Arne Viken var eit velkjent fjes på kappleikar og stemne med felene og musikken sin. Ofte var han attende til Sogn og Fjordane der han raust delte av sin kunnskap, gode historier og smittande humør. I mange år var han lærar på Mokurset og det populære ”Vikenkurset” der deltkarane fekk bryne seg på vanskelege slåttar komponert av både han sjølv og faren, som til dømes ”Jølstrabrura”.

Folkemusikkmiljøet er takksame for det arbeidet Arne Viken la ned for folkemusikken. Han var ei stor drivkraft og la ned ein viktig innsats for å få musikkarven frå faren fram i lyset. Gjennom å ta initiativ til utgjeving av musikken på notar og plater har han sikra at komande generasjonar kan få ta del i denne arven.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag lyser fred over minnet hans.