I si grunngjeving seier juryen at Arne M. Sølvberg er ein framifrå formidlar på kurs og forelesingar, og han har gjort ein stor innsats for å rekruttere barn og unge til folkemusikkmiljøet. Han har hatt mange tillitsverv innan norsk folkemusikk og folkedans og har motteke både spelemannsprisen og Kongens fortenestemedalje for sitt store og allsidige kulturarbeid.

Tidlegare mottakarar av Hilmarprisen er: Susanne Lundeng 1991, Knut Hamre 1992, Leif Inge Skjølberg 1993, Hans Brimi 1995, Sven Nyhus 1997, Petter Andreas Røstads kvartett 2003, Geir Egil Larsen 2004, Majorstuen 2005, Annbjørg Lien 2006, Knut Buen 2007, Gunnar Stubseid 2008, Martin Myhr 2009, Kirsten Bråten Berg 2010, Einar Olav Larsen 2011 og Sigrid Therese Moldestad 2012.

Vi gratulerer!