Kurset vert halde av musikkarkivar og -formidlar Synnøve S. Bjørset på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i Leikanger, laurdag 5. desember 11:00-17:00.
Tema for dagen
- Kva er eit arkiv, og kva er arkiva sine oppgåver?
Arkiva sin eigenart og ulike perspektiv på arkiv (brukar, arkivfagleg, musikkfagleg)
- Om musikkarkivet i Sogn og Fjordane
Historikk og organisasjon. Kva har vi i musikkarkivet?
- Opphavsrett og etiske perspektiv
Moglegheiter og avgrensingar for formidling og tilgjengeleggjering av arkivmateriale
- Arkivet i framtida
Utfordringar og vegval
- Korleis bruke arkivet?
Praktisk innføring i bruk av arkivet og søk i databasar.
- Korleis bidra til innsamlingsarbeid?
Innføring i feltarbeid; opptaksteknikk, intervjuguide og -teknikk, registrering, m.m
Ta med eigen pc/mac og headset, eller meld frå ved påmelding om du har behov for å låne.
Kurset er gratis og ope for alle!
Påmelding til Sogn og Fjordane Folkemusikklag innan 26. november