Onsdag 19. oktober kan du høyre den norsk-skotske gruppa Boreas på Håjen Kafé i Naustdal. Britt Pernille Frøholm (hardingfele) og Irene Tillung (trekkspel) er kjende namn for dei fleste, og med seg har dei to skotske kritikarroste musikarar Lori (fele og song) og Innes Watson (trekkspel). Les meir her.

Laurdag 22. oktober spelar Kirsten Bråten Berg & Arild Andersen i Operahuset på Nordfjordeid, og på konserten får vi høyre utdrag frå SAGN og ARV. Før konserten held Bråten Berg seminar for kvedarar frå Hornindal, og dei vil presentere noko av det dei har jobba med på sjølve konserten også..

Laurdag 22. oktober spelar Marie Forr Klåpbakken med band konsert på Gloppen Hotell. Etter konserten er det dans til musikk ved mellom andre Grannelaget, Randis orkester og Glopperaddane. Før konserten er det også høve til å kjøpe seg "salta fårehaud" på Gloppen Hotell.

Sjå kalendar i høgre marg for meir info om dei enkelte arrangementa.