Fredag 4. november blir det gamaldans til musikk av Austrheim Musikklag etter konserten med Rygg songalag og Austrheim mannskor i Gimle på Sandane.

Søndag 6. november feirar fylkesmusikar Oddbjørn Ramstad sine 40 år som sogning med ein musikalsk ettermiddag på De Heibergske Samlingar / Sogn Folkemuseum på Kaupanger. Du får høyre både Ramstadlaget, Norum songlag, Krudlalaget og fleire.

Fredag 11. november er det jubileumskveld, filmpremiere og dans på Sandane. ”Heve du høyrt slik ein underleg låt…” startar i Trivselshagen, og kvelden blir avslutta med dans og enkel servering i lokala til Nordfjord Museum.

Laurdag 12. november er det Arkivdagen, og årets tema er protest. På Fylkesarkivet på Leikanger kan du mellom anna sjå og høyre om protestane rundt nedskjering i fylkesmusikarordninga.

Laurdag 19. november blir ein festdag for folkemusikken og –dansen i Sogn. ”Sognatrad” skjer i Sogndal kulturhus, og på dagtid er det høve til å gå på kurs før det blir festkonsert og dans på kvelden.

Bornas Verdsdag går også av stabelen laurdag 19. november, og i Førde vil det vere tilbod om verkstader medFlamenco, Capoeira, Mini Afrika, Rytmar frå Sri Lanka og Felefolk for små og store.

 

Les meir ved å trykkje på dei enkelte hendingsoppslaga i kalendaren til høgre.

Har du tips om fleire folkemusikk- og dansearrangement i fylket denne månaden? Meld frå til oss og legg hendinga inn i kalendaren til høgre.