Alle medlemmer er velkomne og har møte og talerett, men det kan kun vere to representantar frå kvart lokallag med røysterett. Det er ingen påmelding til Årsmøtet, berre å møte opp. På Årsmøtet vert følgjande saker teke opp:
Namneopprop
Val av møteleiar, skrivar og protokollunderskrivarar
Godkjenning av innkalling - som vert sendt ut no 3 veker før møtet jmfr. vedtektene til SFFL
Godkjenning av saksliste
Årsmelding 2023
Rekneskap 2023
Arbeidsprogram 2024-2026
Aktivitetsplan 2024
Medlemspengar 2025
Budsjett 2024
Val
Last ned sakslista HER. Er du medlem og har ikkje motteke vedlegga på epost? Send ein epost til post@folkemusikklaget.no.
Dette seier vedtektene til SFFL om Årsmøte:
§4 ÅRSMØTE
Årsmøte vert halde kvart år og skal avviklast seinast innan utgongen av april og før landsmøtet i FolkOrg. Alle medlemmer i lokallag eller direkte medlemmer har møte‐ og talerett. Kvart lokallag har rett på 2 utsendingar. Røysterett på årsmøtet har dei valde utsendingane og styret i SFFL. Styret i SFFL har ikkje røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap. Framlegg til saker som skal opp på årsmøtet til avgjerd, må sendast til styret seinast 5 veker før årsmøtet. Lokallaga skal ha melding om tidspunkt for årsmøtet i god tid før denne fristen. Sakliste vert sendt lokallaga minst 3 veker før årsmøtet. Alle saker som ikkje gjeld oppløysing eller lovbrigde vert avgjorde med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal avgjer leiaren si røyst utfallet. Årsmøtet skal: velje møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka saman med møteleiaren handsame styret sitt framlegg til årsmelding, rekneskap og arbeidsprogram for komande år fastsetje kontingent velje styre med varamedlemmer, revisorar/autorisert rekneskapsførar, valnemnd og utsending(ar) til årsmøtet i FolkOrg handsame andre saker som er tekne opp av styret eller lokallaga og som ligg innanfor føremålet for organisasjonen
Vel møtt!