Folkemusikklaget ber inn til årsmøte og vonar på god oppslutnad frå medlemslaga. Alle medlemslag kan møte med 2 representantar med stemmerett. Alle medlemar har møte og talerett.

Sidan møte er midt på dagen, så startar me med ein middagsrett.

Påmelding må skje innan 16. februar. Ver snill og meld dykk på innan fristen p.g.a. avtala med hotellet.

Pris pr. deltakar kr. 250,-. Meld dykk på til: dagrun (@) folkemusikklaget.no

Sakspapira vert sendt ut i veka som kjem. Dei må de skrive ut og ta med på møtet.

Så ynskjer me vel møtt til årsmøte 2014!

Helsing

Styret i Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Antonia Karete Haugen Kongsvik (s)        Dagrun Hesjevoll (s)

    Styreleiar                                                          Dagleg leiar