Omlag 65 born og unge frå heile fylket deltok på årets Smørbukk-kappleik, og det var mange flotte og kreative innslag på kappleiken.
På Smørbukk-kappleiken er alle vinnarar, og deltakarane fekk premie i form av Smørbukk-karamellar og raus applaus. Smørbukk-juryen, i år samansett av Aslak Johnsen, Mari Andrea Ness og Ottar Nedrebø, hadde ikkje nokon lett jobb då dei skulle kåre:
Årets Smørbukk: Hardingfelespelar Mathilde Skjæret frå Jostedal
Årets sjarmør og humørspreiar: Songarane i "Krudlalaget" i Gaupne
Årets mest morosame innslag: Koret "Kaupedalen" frå Kaupanger og Sogndalsdalen
Årets beste kostyme: Felespelarane i Aurland musikk- og kulturskule
Årets beste nylaga song: Songarane Eirik Aa Albretsen og Oddbjørn Litlabø
Trykk her for å sjå video på årets beste nylaga song!
Sogn og Fjordane Folkemusikklag rettar ei stor takk til alle som var med på gjere denne dagen til ei flott oppleving for både utøvarar og publikum!
Vi rettar også ei stor takk til dei som har sponsa Smørbukk-kappleiken 2011: