austrheim

Fjelli i Stryn, 27.-29. oktober

Fjelljomfestivalen 2017

Ta turen til Fjelli og få glede og inspirasjon gjennom folkemusikk og dans i eit vakkert natur- og kulturlandskap.

2017-09-14


Mokurset 2014. Foto: Einar Eimhjellen

Mo 6.-11. juli 2014:

MOKURSET 2014

Mokurset 2014 er i gong. 58 ungdommar og 10 instruktørar er samla til ei veke med kurs i spel på fele, hardingfele, trekkspel og toradar. I tillegg er kursleiinga og fleire frivillege i sving under kurset.

På kurset si facebookside ligg fleire foto frå sesongen.

Takk til våre sponsorar og støttespelarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KOMP, Rff, FolkOrg, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meieriet Byrkjelo og Lerum.

2014-07-08
Silja Solvang og Maria Scheldrup Toppe

Mokurset 6.-11. juli 2014:

DANS EI HEIL VEKE

I år tilbyr Mokurset også full kursveke for dansarar. Her vil du få lære norsk folkedans på ein kreativ måte. Kurset vil fokusere på god samdans og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom kurset vil du i tillegg lære å bruke dansen kreativt saman med andre. I tillegg til sjølve dansen vil det også bli arbeida med improvisasjonsøvingar, koreografi og korleis ein dansar på ei scene.

Instruktørar vert to unge spreke jenter frå Hordaland. Silja Solvang som vil lære dykk å danse, og Maria Toppe er med både som musikar og dansar.

2014-05-31
Foto: Marius Beck

Mokurset 6.-11. juli 2014:

MEISTERKLASSE MED SAMSPEL I FOKUS

Det er også i år tilbod om meisterklasse på Mokurset. Meisterklassa vert arrangert i samarbeid med Førdefestivalen. I år er det samspel som står i fokus. Dei vidarekomne på fele/hardingfele får skreddarsydd opplegg med saman med dei vidarekomne trekkspelarane. Instruktørane er dei aller beste: Jorunn Marie Kvernberg og Øyvind Sandum. Så meld dykk på innan 1. juni! Duoen Kvernberg/Sandum kan også opplevast fredag 4.juli  under Førdefestivalen!

2014-05-31
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Førdefestivalen 3. juli 2014:

SONGKURS:"SO RO LITEN TULL"

Under Førdefestivalen 3. juli vert det songkurs med utgongspunkt i songtradisjonane i Sogn og Fjordane. Instruktør er ein av fylkets sine fremste songarar, Unni Løvlid. Kurset er ope for alle interesserte frå 15 år og oppover. Unni er også instruktør i song under Mokursveka. Her er nedre aldersgrense 9 år. 

2014-05-31
Foto: Leif Vinsrygg

Førdefestivalen 3. juli:

GRATIS LYNKURS I JØLSTRASPRINGAR

Torsdag 3. juli vert det gratis lynkurs i Jølstraspringar med Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide. Her kan du kome utan verken pengar eller partnar berre du har danselyst og dansesko. Bli med og lær nokre grunnleggande dansesteg og vendingar i den populære Jølstraspringaren!  Det vert gode høve til å nytte dansen på dansegolvet seinare under Førdefestivalen.

2014-05-23
Jorunn Marie Kvernberg

Volda 23. februar 2014:

KURS I SPRINGAR FRÅ SØRE SUNNMØRE

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag innbyr til kurs i springar frå Søre Sunnmøre 23. februar i Volda. Jorunn Marie Kvernberg vert instruktør på spelkurset og Live Karin Liaskar på dansekurset.
 

2014-01-15