Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Foto: Marius Beck

MEISTERKLASSE MED SAMSPEL I FOKUS

Det er også i år tilbod om meisterklasse på Mokurset. Meisterklassa vert arrangert i samarbeid med Førdefestivalen. I år er det samspel som står i fokus. Dei vidarekomne på fele/hardingfele får skreddarsydd opplegg med saman med dei vidarekomne trekkspelarane. Instruktørane er dei aller beste: Jorunn Marie Kvernberg og Øyvind Sandum. Så meld dykk på innan 1. juni! Duoen Kvernberg/Sandum kan også opplevast fredag 4.juli  under Førdefestivalen!

Silja Solvang og Maria Scheldrup Toppe

DANS EI HEIL VEKE

I år tilbyr Mokurset også full kursveke for dansarar. Her vil du få lære norsk folkedans på ein kreativ måte. Kurset vil fokusere på god samdans og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom kurset vil du i tillegg lære å bruke dansen kreativt saman med andre. I tillegg til sjølve dansen vil det også bli arbeida med improvisasjonsøvingar, koreografi og korleis ein dansar på ei scene.

Instruktørar vert to unge spreke jenter frå Hordaland. Silja Solvang som vil lære dykk å danse, og Maria Toppe er med både som musikar og dansar.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

SONGKURS:"SO RO LITEN TULL"

Under Førdefestivalen 3. juli vert det songkurs med utgongspunkt i songtradisjonane i Sogn og Fjordane. Instruktør er ein av fylkets sine fremste songarar, Unni Løvlid. Kurset er ope for alle interesserte frå 15 år og oppover. Unni er også instruktør i song under Mokursveka. Her er nedre aldersgrense 9 år. 

Foto:Einar Eimhjellen

GODT GJENNOMFØRT MOKURS!

Mokurset 2013 er historie, og vi kan sjå tilbake på eit svært vellukka kurs også i år. 60 deltakarar var samla til ei veke med læring og sosialt samvær.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG