Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
dagrunn_hesjevoll_fullwidth

HELSING FRÅ DAGRUN HESJEVOLL

Hei alle  lesarar av denne sida.

Etter 26 år som tilsett og 4 år i styre så er eg no slutta i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Det har vore ein spanande og triveleg jobb, men no var tida for lengst komen for nye og yngre tankar. Eg er glad for at Ingrid overtek, og eg veit at ho kjem til å gjere ein kjempegod jobb for organisasjonen. Eg ynskjer ho all mogeleg lukke til i arbeidet.

Så vil eg takka dykk som eg har hatt kontakt med i så mange høve. Det har vore kjekt å vorte kjend med og samarbeida med så mange. Me møtest nok at på kappleikar og andre folkemusikktilstellingar.

TAKK FOR MEG.

Hjarteleg helsing Dagrun 

spørsmål_560x300

Gløymde du noko på Mokurset 2014?

Følgjande gjenstander ligg framleis igjen etter Mokurset 2014:

1. stk høyretelefonar, svart
1. stk høyretelefonar rosa/ svart
1 stk "teppe" til felekasse, grønt
1. stk "teppe" til felekasse,raud fløyel.



 

Mokurset 2014. Foto: Einar Eimhjellen

MOKURSET 2014

Mokurset 2014 er i gong. 58 ungdommar og 10 instruktørar er samla til ei veke med kurs i spel på fele, hardingfele, trekkspel og toradar. I tillegg er kursleiinga og fleire frivillege i sving under kurset.

På kurset si facebookside ligg fleire foto frå sesongen.

Takk til våre sponsorar og støttespelarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KOMP, Rff, FolkOrg, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meieriet Byrkjelo og Lerum.

Foto: Marius Beck

MEISTERKLASSE MED SAMSPEL I FOKUS

Det er også i år tilbod om meisterklasse på Mokurset. Meisterklassa vert arrangert i samarbeid med Førdefestivalen. I år er det samspel som står i fokus. Dei vidarekomne på fele/hardingfele får skreddarsydd opplegg med saman med dei vidarekomne trekkspelarane. Instruktørane er dei aller beste: Jorunn Marie Kvernberg og Øyvind Sandum. Så meld dykk på innan 1. juni! Duoen Kvernberg/Sandum kan også opplevast fredag 4.juli  under Førdefestivalen!

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG