Laurdag 2. Mars kl. 19 inviterer Jostedal spel- og dansarlag til hyggeleg samkome på Jostedal hotell med Elin Grytting og Håkon Høgemo med fokus på Jostedalsspringaren. Vil du vere med på nybyrjarkurs i gammaldans, så byrjar det kl. 16.
I høve TØFT-samlinga på Skei 26.-28. januar kjem Kviven duo til mellom anna Jølster samfunnshus laurdag 27. januar kl. 19:30. Her får dei unge oppleve folkemusikk på høgaste nivå! Konserten er sjølvsagt for alle, så det er berre å notere datoen! Elles spelar dei òg i Volda 20. jan og på Nordfjordeid 21. januar. Bli med!
Sogn og Fjordane Folkemusikklag deler annan kvart år ut Folkemusikkprisen til ein person, eit lag eller ein institusjon som har gjort særleg mykje for folkemusikken. Mottakar av Folkemusikkprisen i 2022 var Dagrun Hesjevoll. Neste gong prisen delast ut er i år på Sogn og Fjordane-kappleiken. Send inn ditt forslag til kandidatar til post@folkemusikklaget.no.
Her kan du melde deg på TØFT-samling på Skei skule 26.-28. januar! Det vert kurs i hardingfele, fele, trekkspel og cello, for dei mellom 9-18 år, og folkesong på laurdagen for dei opp til 10 år! Kurset er gratis! Hugs å melde deg/dine på innan 10. desember!
Sogn og Fjordane Folkemusikklag vil takke alle som deltok for ein flott kveld med musikk, dans og julestemning på Thon Hotel Jølster på Skei den 2. desember. Her kan du sjå bilete frå kvelden.
Folkemusikklaget inviterar medlemmer og lokallag og andre folkemusikk- og folkedansinteresserte med på julebord 2. desember. Er du ikkje medlem i eit lokallag i Sogn og Fjordane og vil vere med likevel, kan du henvende deg til oss på post@folkemusikklaget.no.
Bli med på lansering, feiring, signering med minikonsert og høge glas i Pederhuset på Breim laurdag 2 desember kl. 1400. Det blir lett servering og mulighet til å kjøpe den signerte bokplata "Breim" som julegåve!
Bli med på Bornas Verdsdag i Førde 25. november! Det vert mange kjekke aktivitetar for born, mellom anna å prøve fele, danse halling eller synge folkesong!