3. PLASS I PARDANS TIL IRENE HESTVIK OG LEON ÅRDAL
Landsfestivalen på Steinkjer 17.-20. juli 2014
Irene Hestvik og Leon Årdal frå Indre Sunnfjord spelemannslag dansa seg til ein flott 3. plass i klassa for pardans under Landsfestivalen på Steinkjer. Klassesigeren gjekk til Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen frå Hedemark folkemusikklag medan Heidi Tovmo og Svein Granøien frå Røros folkedanslag kom på andreplass. Frå Sogn og Fjordane dansa også Øygun og Johannes Kjos seg heilt til finaleplass, men enda utanfor dei tre rangerte topplassane.