2. PLASS I SPEL HARDINGFELE C TIL MATHILDE SKJÆRET
Landskappleiken på Geilo 25.-29.6.2014:
Mathilde Skjæret frå Jostedal spel- og dansarlag spelte seg til andreplass i spel hardingfele klasse C under Landskappleiken på Geilo. Ho oppnådde 95 poeng og var med berre to poeng bak klassevinnar Cecilie Skrindo frå Ål spel- og dansarlag. I same klassa kom Kine Svori, også ho frå Jostedal spel- og dansarlag på ein fin femteplass med 90 poeng.
Fleire resultat frå årets landskappleik her