Ungosa

UngOsa Helgekurs

Helgekurs for barn og unge under Osafestivalen

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit - eller fleire - av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!

Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 8. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til 18 år til å bli med oss denne helga.

UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, og dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga. Elles vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!

Ope for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund. Døme på instrument: gitar, bass, hardingfele, toradar, trekkspel m.m.

Påmeldingsfrist 20. september
Påmeldingsskjemaet for 2024 opnar i juni.

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Tusen takk til hovudsponsorarne for UngOsa!

logo_voss
vekselbanken