Folkeakademiet Aurland arrangerte TØFT-kurs på Flåm samfunnshus 10. mai med dyktige Kari Malmanger som instruktør. Der var folkesongen i fokus, og det vart arrangert folkesongleik for 9 born og folkesongkurs for 11 vaksne. Dei ynskja eigentleg å arrangere ei helg med folkesong, folkedans og folkemusikk i Aurland, og med kurs for barn og unge. Sjølv om det var ynskje og i utgongspunktet planlagt eit lenger kurs over ei helg med fleire deltakarar, særleg i alderen 7-19, var kurset som vart halde ein suksess hjå dei oppmøtte, og det var ynskje om fleire slike kurs.

Gaular spelemannslag arramgerte TØFT-samling for sine unge dansarar 28. februar. Dei fekk besøk av ei gruppe ungdommar i alder 13-19 år som var med i prosjektet "Fordjuping i folkemusikk og folkedans" skipa til av hardingfela.no. TØFT-samlinga tok form gjennom dansekurs for 16 born/ ungdom i alderen 9-18 år på dagtid. Deltakarane fekk møte fleire instruktørar gjennom dagen, med eit breitt repertoar av fleire ulike dansetradisjonar. Det vart dansa både bygdedans, runddans og turdans. I tillegg fekk ungdomane i TØFT-samlinga sjansen til å bli kjent med fleire med same interesse i folkemusikkfordjupning-gruppa, som dei òg hadde deler av kurset saman med. Instruktørar på dansekurset var Mari Andrea Ness, Atle Hoff og Silja Solvang (sistnemnde frå fordjupingsprosjektet).

I løpet av dagen vart det òg arrangert halvannan time med song og dans for 15 born opp til 9 år, i fylgje med 8 vaksne. Her var det stor glede og aktivitet, og dei både lytta, song, dansa og sparka hatt. Her var Elin Pehrson Grytting og Mari Andrea Ness instruktørar. Spelemenn var Egil Furenes (på begge kursa) og Arngunn Timenes Bell (frå fordjupings-prosjektet). På kvelden var det dansefest som var open for alle. Det var fullt dansegolv heile kvelden, med born, ungdom og vaksne som dansa og hadde det kjekt saman! Indre Sunnfjord spelemannslag spelte til dans, i tillegg til deltakarar og lærarar frå fordjupingskurset.

I Hornindal spelemannslag ved Oline Løvlid har TØFT-prosjektet bidrege til at 47 born fekk vere med på 21 øvingar og 5 konsertar gjennom hausten 2025 og våren 2026. Borna består av 18 kvedarar i kvedargruppa som øver kvar torsdag i Smia i Hornindal, og 29 born i Austefjord barnehage som Oline vitja 28. og 29. mai. Folkemusikkstudentar frå NMH har òg vore innom og framført for borna, leika med dei og lytta til songen deira, noko som var veldig kjekt for borna. Elles har kvedargruppa har hatt konsert på Dølheim, i Smia der dei øver, i kyrkja i høve jul, på omsorgssenter og i høve 17. mai. Oline synger, dansar og leikar med borna, lagar god heimelaga mat, skriver ut tekstar til dei frå kjelder som ho har samla inn, skrive ned og illustrert. Dei har lært kjøkemeistartekstar og songar, dyrenamn, eventyr og stadnamn, regler og rim og leikar. Borna lærer ikkje berre folkesong og tradisjonen, men òg å stå trygt og støtt og framføre på ei scene åleine og fleirstemnt saman med andre.

Spelemannslaget Fjelljom måtte utsetje sitt TØFT-prosjekt til over sommaren, men vi gler oss til å sjå kva dei får til til hausten att!

Hugs at de kan no søke om fleire TØFT-midlar innan 15. august på HER!