Merk at du må vere medlem i FolkOrg for å delta. Logg deg på din brukar i FolkOrg, trykk Vestlandskappleiken og fyll ut skjema for å melde deg og/eller laget/gruppa/partneren din på.
Deltakarpris:
Senior 300 kr pr. pers (solo og par)
Junior 150 kr pr. pers uansett klasse
Senior i lag/gruppe 150 kr pr. pers
Påmeldingsfrist er 13. september
Sogn og Fjordane folkemusikklag har bestemt å ha ABCD-inndeling i tevlingsklassane som det er vanleg å ha denne inndelinga på etter FolkOrg sitt tevlingsreglement, sjølv om vedtektene til Vestlandskappleiken seier det skal vere junior/senior-inndeling på alt. Dette er tillete å endre på jmfr. § 14 i vedtektene som ein kan lese på vestlandskappleiken.no.
Det er vidare ope å bruka både runddansslåttar og bygdedansslåttar på same startnummer i spelklassane om ein vil.
I gruppespel er krava 2-4 instrument. Det må ikkje vere minst 2 berande instrument, altså melodiinstrument. Óg her kan ein ein spele ein runddansslått og ein bygdedansslått på same startnummer om ein vil, eller to av same danseform.
Innafor kvar tevlingsgrein i spel(fele/hardingfele, durspel, gruppespel, lagspel) er det maks. 2 startnummer pr.solist, gruppe eller lag. Du må i så tilfelle spele ulike typar instrument og/eller dans (bygdedans eller runddans).
I lagdans junior er kravet for deltakarar minst 3 par, medan i senior er kravet 5 par.
Elles visar vi til tevlingsreglementet til FolkOrg som ein kan laste ned her: https://www.folkorg.no/oppdateringar-i-tevlingsreglementet-for-landskappleiken-og- landsfestivalen-i-gammaldansmusikk-2024.6701412-607397.html
Har de spørsmål om tevlinga, så send gjerne ein epost til Sogn og Fjordane folkemusikklag (post@folkemusikklaget.no).
Påmeldinga til Vestlandskappleiken 2026 der no lukka
Ettersom det vert eit fullspekka program frå tidleg til seint, så tillet vi dessverre ingen etterpåmeldingar til tevling no, men de er sjølvsagt velkomne til å sjå, lytte, danse og jamme!
